Momentum Vest – sommarsamling i Bergen 22. juni 2018

Momentum Vest arrangerte teaterkveld for medlemmer 22. juni, innleia med sosialt treff og middag før forestillinga, på restauranten Teatro.

Litt kort påmeldingsfrist, travel tid og sjukdomsforfall gjorde at vi blei færre enn vi skulle ynskje, men dei som var med ga uttrykk for at dei var glade for initiativet.

Blant deltakarane var også medlemet vårt, avdelingsoverlege Sigrun Solberg, så det blei høve til å få informasjon om situasjonen etter nedlegginga av ortopedisk rehabiliteringsavdeling på Haukeland, tilbodet flytta og blitt ein intergrert del av behandlingstilbodet på Nordåstunet i Fana.

« Lykkeliten « av og med Rune Andersen sto på teaterplakaten. Stykket var gjesteforestilling på Den Nationale Scene, og spelte for fulle hus i to veker. Det var ei tankevekkande, men også morosam forestilling, som deltakarane sette stor pris på å bli inviterte til.

Takk til Momentum sentralt for støtte til arrangementet, og til Marit Havre Nilssen som tok initiativet og ordna med det praktiske !