Infeksjonen gjorde at Monica måtte amputere beinet. Så blei det andre beinet infisert.

Infeksjonen gjorde at Monica måtte amputere beinet. Så blei det andre beinet infisert.

Infeksjonen gjorde at Monica måtte amputere beinet. Så blei det andre beinet infisert.

Publisert i Sandnesposten 10.02.24.

Korleis går det an?

Det er eit spørsmål Monica Aardal (44) har spurd seg sjølv igjen og igjen.

Kvifor var det ho som skulle vere så uheldig? Og korleis kunne det skje endå ein gong?

Tankane svirrar i hovudet heime på Ganddal i Sandnes. For første gong skal ho fortelje den lange og vonde historia i media, om saka som har tatt så lang tid, at ho nesten meiner det er betre at familien fortel i staden.

Ho er matt, lei.

Netflix-logoen speglar seg i brilleglasa hennar. Hadde det gått annleis, ville ho kanskje heller vore på treningssenteret no. Løfting og springing, ikkje scrolling gjennom menyen av seriar og filmar.

Det blir så altfor mykje tid på sofaen.

Me åtvarar om sterke bilde i denne artikkelen.

I operasjonssalen

Smertene kjem og går.

Dei mange operasjonane har herja med kroppen, og eit tiår med opiatbruk og stadig narkose har lagt eit tjukt slør over hukommelsen og konsentrasjonsevna.

Når dei tidlegare lagvenninnene møtast i foreining, snakkar dei ofte om trening og jogging.

Monica syns det er vanskeleg å høyre på.

Så dreier samtalen seg til kvar dei skal dra på tur, og Monica kikkar på dei to beinprotesane som står lent inntil sofaen, som ei påminning.

Det var med fotballen det starta. Monica (33) spurta mot ei lagvenninne på Hana, og tråkka over under ei finte. Operasjonssalen var neste stopp.

Eit uskuldig overtråkk blei starten på ein kamp kjempa både på sjukehus, heimebane og i rettssalen.

Forstod ikkje kvifor

Den første operasjonen – i rekka av nærmare 100 – blei gjennomført i mai 2013. Etter operasjonen oppdaga Monica nokre harde punkt på sida av ankelen, og ho måtte inn til ein ny operasjon i april året etter.

Såret blei infisert.

Stinga falt ut eitt etter eitt mens operasjonssåret vaks.

Legane forstod ikkje kvifor såret ikkje ville gro.

I løpet av 2014, 2015 og 2016 hadde Monica operasjon etter operasjon. Legane måtte transplantere hud frå andre stadar på kroppen hennar, men forsøka var mislukka. Dei henta meir og meir hud frå låret.

Legane tok ein hudlapp frå armen, ein muskel frå ryggen og sat kraftige antibiotikakurar, men ingenting verka.

Såret berre opna seg igjen.

– Operasjonane blei større og større, og meir og meir av kroppen min bar teikn av inngrepa. Heile kroppen er herpa av redningsforsøka, seier ho i dag.

Ulidelege smerter

Monica er mor til to. Begge var framleis mindreårige då dette sto på, og foreldra til Monica måtte trå til for å hjelpe med å passe på ungane.

Sjukehuset hadde ingen tilbod til dei.

Foreldra Helge og Gerd flytta til Hommersåk, der Monica budde då, for å ta vare på ungane hennar.

Livet var vanskeleg og usikkert for alle partar. Det var aldri råd å vite kor lenge Monica kom til å vere vekke.

Dei gongane Monica var heime, var det tøft å sjonglere sjukdomen og familien. På sjukehuset forsvann ho litt inn i si eiga boble. Ho jobbar i helsevesenet sjølv, og klarar å stelle såra til andre. Sine eigne, derimot, var verre.

Såret var så svært, at det rann væske gjennom både sokkar og sko.

Smertene var ulidelege. Ho var konstant kvalm.

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) har foreslått at barnevernet kunne ta over ungane, i staden for foreldra. Det er noko Monica har lært i ettertid gjennom saksdokumenta, og får henne til å reagere kraftig.

NPE har stilt til intervju i slutten av artikkelen.

Monica sine sjukehusopphald blei hyppigare og lengre.

Det var fleire lange venteperiodar i løpet av desse åra. Ved eitt tidspunkt blei Monica vist til behandling i Bergen, men sto på venteliste i fleire månadar. I mellomtida vaks såret så stort at ein kunne sjå rett inn til beinet.

Sandnesposten har vald å ta med bilde av skaden, men me åtvarar om sterke inntrykk.

Slik såg høgrefoten til Monica ut mens ho venta på operasjon i Bergen. Foto: Privat

Foreldra hennar sat seg ned for å skrive brev til Pasientskadenemnda. Monica stoppa dei. Legane visste kva dei gjorde, meinte ho.

Monica si tru på kompetansen i helsevesenet var urokkeleg. Foreldra overdreiv.

I 2016 bestemte legane seg for å avstive ankelen til Monica. Det gjorde dei ved å fjerne brusk og feste leddet med metallskruar, men heller ikkje dette fungerte.

Til slutt måtte legane innrømme nederlag og anbefalte å amputere foten.

Monica var så prega og utmatta av alt, at ho blei letta av beskjeden.

Frå 2014 til og med 2017 hadde ho vore 340 dagar på sjukehus.

Ho hadde sove dårleg i lang tid, og måtte få hjelp av psykolog med tankane. Det var så mykje att og fram.

Alt var tungt.

– Det var rett og slett tungt å eksistere. Eg kjende ikkje på det sjokket då dei anbefalte amputasjon. Men det gjorde sjølvsagt foreldra mine, seier ho.

– Alt i den perioden handla om dei helsikkens beina. Eg var så dritlei av alt som gjekk på sår og sjukehus, at eg ville ikkje ha meir med det å gjere. Hadde det ikkje vore foreldra mine, hadde eg aldri søkt om erstatning.

3. januar 2017 tok legane foten til Monica.

Ho var fri.

Trudde ho.

Den andre foten hovna opp

Far Helge gløymer aldri første gongen han møtte dotter si etterpå. Liggande i sjukesenga, ein stump frå kneet og ned der foten hadde vore.

– Det var grufullt å sjå, seier han.

Monica syns tilbodet om rehabilitering etter amputeringa, var tynt. Protesen til høgrebeinet var vond å bruke, og fantomsmertene var omfattande.

Seinare i 2017 kjende ho at venstrefoten begynte å hovne opp.

Ho hadde fått ein liten kul på hælen av den attverande foten. Sjukehuset fann eit granulom i hælen, altså ei cellesamling, og ville operere vekk kulen i januar 2018.

Helge og Gerd meinte det var galskap. Korleis kunne dei foreslå noko slikt, etter alt som hadde skjedd?

Men Monica hadde framleis, trass over 60 operasjonar då, ei sterk tru på helsevesenet.

Det kunne jo ikkje gå gale ein gong til, sa ho.

Og operasjonen gjekk som planlagd.

Men då Monica drog til Bergen for rehabilitering, kjende ho forma bli stadig verre. Ho blei kvalm, svimmel og klarte ikkje stå på venstrefoten.

Ein prøve viste skyhøge betennelsesnivå i blodet hennar.

Kunne bakteriane ha funne vegen til den andre foten?

Sjukehuset måtte operere på nytt.

Men heller ikkje denne gongen klarte dei lukke såret.

Dobla i storleik gjennom ferien

Såret blei større for kvar operasjon.

Familien til Monica var bekymra for at det same skulle skje igjen.

Såra på begge føtene hadde vakse seg større på grunn av ferieavvikling i helsevesenet.

– Eg hugsar dei kom inn på rommet og sa at dei skulle ta ferie, så dei kunne ikkje operere. Eg spurde om det faktisk var slik at dei skulle la meg gå med eit ope sår igjen, nett slik som med høgrefoten. Dei svara at det var best å operere når dei flinkaste var på jobb. Det kan eg forstå, men altså …

Gjennom ferien blei situasjonen langt verre.

Såret på venstrefoten til Monica vaks seg dobbelt så stort i løpet av sommarferien. Foto: Privat

Då legane kom tilbake, var såret dobbelt så stort.

September 2019 blei den andre foten hennar kappa av.

Monica skulle eigentleg ønska at legane anbefalte amputasjon mykje tidlegare, i staden for å gå gjennom den veldige rekka av operasjonar.

Haukeland universitetssjukehus svarar: – Dramatisk og alvorleg

Flesteparten av operasjonane til Monica har skjedd på Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Håvard Dale, seksjonsoverlege ved seksjon for ortopediske infeksjonar, har gitt Sandnesposten eit skriftleg utsegn om Monica Aardal si sak. Dei er kjend med innhaldet i artikkelen.

Sjukehuset ønsker ikkje å stille til intervju.

Dale skriv:

«Monica Aardal har hatt eit svært komplisert forløp etter relativt vanleg kirurgi. Utfallet, med amputasjon av begge leggane, er langt meir dramatisk og alvorleg enn det ein kunne forvente. Dessutan har behandlingstida vore lang og fylt av usikkerheit.

Ho har stått i dette med imponerande styrke og uthald, og det er lett å forstå både frustrasjon og fortviling.

Me er glade for at ho har fått prøvd saka si i NPE, og at ho har fått medhald, i at dette er meir enn ho med rette kunne forvente etter denne slags kirurgi.»

Nye komplikasjonar

Det har heller ikkje stoppa etterpå.

Ein beinknok som stakk ut av høgre stump måtte opererast vekk, og det same måtte ei cyste på stumpen av venstrefoten.

Totalt har ho hatt nærmare 100 operasjonar. Alt etter eit overtråkk på fotballbanen på Hana.

Monica har framleis ikkje fått nokon diagnose.

Norsk Pasientskadeerstatning (NPE) gav Monica erstatning for høgre fot i februar 2017. Ein sakkunnig rapport stadfestar at det var operasjonen på sjukehuset som førte til den første infeksjonen.

NPE seier dei har stor medkjensle for det Monica har vore gjennom, men kan ikkje kommentere enkeltsaker.

Erstatningssaka er framleis ikkje avgjort, eit tiår etter skaden. I år skal ho opp i Sør-Rogaland tingrett.

– Det har tatt heilt sinnssjukt lang tid, seier Monica.

Advokaten hennar meiner ho ikkje har fått heile erstatninga ho har rett på, og krev at staten betalar nye millionar.

Staten avviser kravet.

– Forbanna

Norsk Pasientskadeerstatning behandla rekordmange erstatningssøknadar i 2023. Totalt betalte dei ut 1,24 milliardar kroner.

I snitt tar det seks månadar før ein får svar på om ein får erstatning eller ikkje. 72 prosent av dei 5800 søkarane fekk avslag.

Familien Aardal har heldt på med erstatningssaka til Monica sidan dei søkte i 2016. Helge og Gerd slit med å forstå korleis det er mogleg.

– At det fungerer slik i rike Noreg, når det handlar om livet til eit menneske, er heilt ufatteleg. Du kan bli så forbanna, seier Gerd.

Monica måtte ha seld huset sitt då det sto på som verst, om det ikkje var for at foreldra hjelpte til. Ho stussar over korleis dei har blitt behandla i prosessen.

Då NPE først vurderte saka hennar, brukte dei ikkje lokale fagekspertar og sakkunnige. Ingen av dei snakka med ho. Ingen av dei møtte ho.

Likevel skulle desse legane vurdere skjebnen hennar.

NPE har stilt til intervju på generell basis:

Norsk Pasientskadeerstatning: – Ei kraftig auke i antal saker

Det er Helseklage som er motpart i rettssaka mellom staten og Monica Aardal, som går i sommar. Dei har ikkje høve til å kommentere enkeltsaker i det heile, men er kjend med innhaldet i saka.

Dei viser til rettsdokumenta. Staten avviser at dei har erstatningsansvar, utover det som allereie er betalt.

Norsk Pasientskadeerstatning (NPE) behandla Monica Aardal sitt første erstatningskrav på rundt åtte månadar. Ho fekk då medhald i februar 2017.

NPE kan ikkje kommentere enkeltsaker, men seier dei har stor medkjensle for det Monica har vore gjennom.

Stor pågang

Sandnesposten har formulert spørsmåla slik at dei kan svare på generelt grunnlag.

Når dei først har gitt ein pasient medhald, går det ein periode fram til storleiken på erstatninga er avklart. Det blei først gjort i november 2020. Då betalte NPE ut erstatninga dei meinte at Monica hadde krav på.

Frå 2021 av har saka vore behandla av Helseklage. I mai 2024 skal saka opp i domstolen.

– NPE behandla rekordmange krav i 2023. Har de nok bemanning og finansiering for den saksmengda de forvaltar?

– Saksbehandlarar i NPE har jobba smidig og effektivt over lang tid. Me skal ikkje legge skjul på at ei kraftig auke i antal melde saker til NPE i åra framover, kan gjere det vanskeleg å unngå at saksbehandlingstida vår vil auke, seier Anne-Mette Gulaker, avdelingsdirektør i NPE.

Ho seier samtidig at dei har blitt meir effektive i løpet av åra.

– Heile verksemda ser på korleis me kan få ned ventetida og gjere erstatningssøkaren si oppleving betre, seier Gulaker.

Jobbar hardt

– Korleis jobbar de for å redusere saksbehandlingstida?

– Vårt hovudmål er heile tida å jobbe med å få kortast mogleg saksbehandlingstid. Me veit at ventetida er ei stor belastning for dei som søker erstatning.

Dei gjer heile tida mindre og større grep for å få ned saksbehandlingstida.

– Til dømes jobbar me mykje med å sørge for å ha avtalar med rundt 150 sakkunnige, som raskast mogleg kan hjelpe oss med å gå gjennom saka. Me har òg eit eige team som ser om det er saker som krev mindre utgreiing, slik at desse kan bli behandla raskare.

– I denne saka, og andre, brukar NPE sakkunnige legar som ikkje møter eller snakkar med pasienten. Kvifor gjer de det? Vil ikkje desse kunne gi betre diagnose om dei snakkar med pasienten?

– På generell basis er hovudoppgåva til ein sakkunnig lege å gå gjennom kva slags behandling ein pasient har fått, og å vurdere om det har skjedd feilbehandling undervegs. Det betyr at det først og fremst er ein gjennomgang av kva som allereie har skjedd, som er fokuset deira, svarar Gulaker.

Ho fortel at sjukejournalar og pasientens eigen skildring i søknadsskjemaet, er viktige kjelder.

– Dei sakkunnige legane skal ikkje sette diagnosar, men vurdere den behandlinga som har blitt gitt til pasienten, seier ho.

Anbefalte barnevern

– I denne saka har foreldra til pasienten måtte ta hand om ungane, og vil ha erstatning for dette. NPE har anbefalt Monica ta kontakt med barnevernet i staden. Det reagerer dei kraftig på. Er det vanleg praksis?

– På generelt grunnlag er det slik, at ein erstatning frå NPE ikkje skal dekke utgifter og behov for hjelp som kunne vore dekka av andre offentlege tilbod.

Familien Aardal har òg stussa over at NPE berre gir erstatning til inntektstap, pensjonstap, ménerstatning, tapt heimearbeid, bustadtilpassing og liknande, og ikkje sjølve tabben.

– Kvifor er det slik?

– NPE reknar erstatning etter skadeerstatningslova. Dette er same lov som til dømes gjeld ved skader etter trafikkuhell. Hovudprinsippet i denne lova er at erstatninga skal dekke dei faktiske tapa og utgiftene den skadde har hatt, og dei han vil få i framtida, seier Gulaker.

Ho forenklar:

– Erstatninga skal sørge for at den skadde er i same økonomiske situasjon som han ville ha vore, dersom skaden ikkje hadde skjedd. Unntaket frå dette er den såkalla ménerstatninga, som er ei økonomisk erstatning for den tapte livskvaliteten skaden har medført.

Fryktar full uføretrygd

Monica tenkjer mykje på framtida.

Kva slags liv blir dette når ho blir eldre?

I 2013 var Monica i sitt livs form. Alt dreidde seg om trening.

– Eg har fullstendig lagt om livet mitt. Eg har mista livsgnisten når det kjem til treninga, for eg har prøvd å finne tilbake, men det er så altfor krevjande. Det er ikkje det same med protese.

Smertene er framleis ei konstant plage. Protesane gjer at ho kan gå litt, men kvardagen er krevjande. Sjølv trappeoppgangen i huset er ei tøff utfordring.

Ho får tidvis vonde sår på kroppen, og veit ikkje kor mykje lengre ho orkar å stå i jobb.

I dag jobbar ho 40 prosent som legesekretær på Riska helsestasjon. Ho pressar seg hardt for å halde på dette, men fryktar at det går mot full uføretrygd.

Jobben betyr veldig mykje.

Tre dagar i mai vil så stor betydning for korleis framtida hennar blir. Då skal Sør-Rogaland tingrett ta stilling til det utvida erstatningskravet frå Monica.

– Det har liksom ingen ende, dette. Men me skal kjempe det me kan.